Gardsfargeriet

Gardsfargeriet drives av meg, Gitte, som er ein planteelskar og  notorisk garnsnuser. Eg starta med plantefarging i 2017 og er sjølvlært gjennom lesing, prøving og feiling.   

Eg ønsker å bruke garn som er norsk produsert, der ein veit kvar geita, alpakkaen eller sauen kjem frå.

Ull og fiber farges med planter og naturmiddler. Målet er å bruke minst mulig kjemikalier, ta vare på den norske ulla og fiberen og få fler til å få augene opp for den fantastiske råvaren vi har! 

Eg elsker å prøve nye fargemetodar og kvir meg ikkje for å dyrke indigo og andre fargeplantar i hagen, på tross av tidlige vintrar på Vestlandet. 

Eg håndfargar og silketørkle, lagar maskemarkørar og strikkeoppskrifter og vil ha med strikkepakker på både sjal, vottar og anna tilbehør.

Som eit lite fargeri kjem alle fargane i små posjoner, alle farget med kjærleik og glede. 🌿